Landslagssamling i Seljord

Laurdag 19. januar arrangerer me landslagssamling for Norges Tradisjonelle Karateforbund i klubbens Dojo. Med landslagstrenarane Stig Rønning (Strinda Karateklubb / NTNU Karateklubb) og Martin Boag (Oslo Budokan) i spissen vil utøvarane trene Kata og Kumite for internasjonale konkurransar. I den forbindelse blir det også samling for klubbens medlemmer same helg. Laurdagen med landslagstrenarane Stig og Martin, søndagen med eliteutøvarane Lise Tveter (Marienlyst Karateklubb) og Kim Jansson (Tsunami Karateklubb) der begge er Kata-utøvarar på høgt nivå og har lang internasjonal konkurranseerfaring.

Laurdag
Landslagssamling: 10:30-13:30. Obs! Klubbmedlemmer over 16 år (det året dei fyller 16) og med brunt belte kan delta på landslagssamlinga.
For klubben: 13:45-15:15 rødt belte og oppover og/eller frå fylte 12 år.

Søndag
Barn gult og oransje belte: 10:30-12:00
Rødt belte og oppover og/eller over 13 år: 12:15-13:30 og 13:45:00-15:00

Barn/ungdom/voksen: Kr 100,- per dag Familie: maks Kr 250,- for heile helga. Betaling ved oppmøte (ha beløpet kontant) eller til klubbens Vipps: #99510 – Telemark Karate Det vil også bli kiosk med sal av mat/drikke.

Kontakt Sensei Ronny Råmunddal viss spørsmål – detta blir ein spennande moglegheit til å trene med dyktige konkurranseutøvarar!

Adresse: Seljord Dojo, Telebygget, Brøløsvegen 57, 3840 Seljord.


Publisert

i

av

Stikkord: