Trening med landslagsutøvarane Lise og Kim

//Trening med landslagsutøvarane Lise og Kim

Trening med landslagsutøvarane Lise og Kim

Dagen etter landslagssamlinga arrangera klubben ei egen trening med Sensei Lise Tveter frå Marienlyst Karateklubb og Sensei Kim Jansson frå Tsunami Shotokan Karateklubb.

Treninga var delt i tre puljer, der den fyrste var for barn og de to andre for ungdom og vaksen. Innhaldet var morosamt, hardt, lærerikt og eit godt døme på kor artig karate er. Vi fikk prøve nye varianter av kjende teknikkar. Gruppa opp til og med blått belte (5.kyu) hadde fokus på kata Heian Godan med Lise, medan gruppa frå lilla belte (4. kyu) jobba intens med kata Empi med Kim. I tillegg var det morosame variantar av grunnteknikkane.

Lise Tveter (4. dan):

– Jeg er kjempefornøyd! God trening og god stemning på lørdagen, og veldig morsomt på søndagen. Super innsats fra alle sammen, en veldig fin gjeng å få holde trening for.

Kim Jansson (4.dan):

– Det var gode økter på lørdagen, og en fin dag på søndagen. Godt oppmøte og veldig flinke elever. De tok ting kjapt! Og så var det ekstra luksus for oss å få lov til å trene/instruere i en så utrolig fin og stor dojo. Dere har gjort en kjempejobb!

Vegard Brekke (4. kyu) – ein av klubbens mange lovande ungdommar:

– Det er fint å få nye erfaringar med veldig dyktige trenarar og utøvarar. Fantastiske folk alle saman. Treninga var noko nytt på ein positiv måte. Andre løysingar og erfaringar frå dei andre gav ein trening som var veldig lærerik. Det var og flott å vise fram det nye treningslokalet vårt som me fekk mykje skryt for. Håpar dette kan skje fleire gonger!

Ein stor takk til Sensei Ronny Råmunddal for organiseringa av ei flott treningssamling!

 

 

By | 2019-02-03T19:41:57+01:00 februar 3rd, 2019|Nyheter|Kommentarer er skrudd av for Trening med landslagsutøvarane Lise og Kim

About the Author: