Vi startar eigen konkurransegruppe – vil du vera med?

//Vi startar eigen konkurransegruppe – vil du vera med?

Vi startar eigen konkurransegruppe – vil du vera med?

Klubbens medlemmar har allereie hevda seg bra i NTKF Shotocup sidan klubben blei starta for 4 år sidan. I OL i Tokyo i 2020 blir karate eigen grein for fyrste gong, då med reglane WKF/NKF har for sports-karate, noko som kanskje kan freiste endå fleire til å satse på karate som konkurranseidrett. Vi har derfor bestemt oss for å lage ei konkurransegruppe der deltaking i Shotocup samt regionscup og NM i regi av NKF er målet i fyrste omgang. Blir nivået høgt nok, siktar vi mot internasjonale meisterskap og turneringar

For kven:

Det blir litt prøving og «vegen blir til mens vi går» i starten, det kan hende at dette endras i tida som kjem. Men vi tenker oss at gruppa er open for utøvarar frå fylde 13 år og/eller med minst grønt belte.

Korleis:

Treningane blir i hovudsak dei same som i dag – konkurransegruppa er i tillegg til, ikkje i staden for den ukentlege treninga. Men vi kjem til å legge inn nokre ekstra helgetreningar der fokus er Kata og/eller Kumite pluss konkurranseretta fysisk trening. I tillegg kan vi lage treningsprogram for eigentrening. Merk! Du kan sjølvsagt au deltaka i konkurransar som Shotocup uten å være med i konkurransegruppa.

Ansvarlege:

Sensei Ronny Råmunddal er sportslig ansvarlig og trenar.
Heidi Gjerlid Sollid er foreldrekontakt.
Harald Rishovd er koordinator og tek seg blant anna av felles påmeldingar til konkurransar og samlingar.

By | 2019-02-08T19:28:59+01:00 februar 8th, 2019|Nyheter|Kommentarer er skrudd av for Vi startar eigen konkurransegruppe – vil du vera med?

About the Author: