Treningssamling med Sensei Frank Bruun (5. dan)

//Treningssamling med Sensei Frank Bruun (5. dan)

Treningssamling med Sensei Frank Bruun (5. dan)

Helga 9. og 10. februar arrangera klubben treningssamling med Sensei Frank Bruun (5.dan) frå Tønsberg Karateklubb. Frank har besøkt oss tidlegare, og er ein instruktør vi er veldig glad i.

Foto: Heidi Gjerlid Sollid

Treninga var vanskeleg, men lærerik. Laurdagen blei bruka til å trene grunnteknikkar og å lære kata Bassai Sho, ein vanskeleg kata som særleg dei med lågare beltegrader synast var krevjande. Frank demonstrera og korleis teknikkane frå kataer som Heian Nidan og Heian Sandan kunne brukas i sjølvforsvar. På sundagen vart fokus retta mot kata Heian Yondan og Kumite.

Frank Bruun (5. dan):

– Jeg vil gjerne takke for en inspirerende samling i regi av Telemark Karate denne helgen. Som gjeste-instruktør var det virkelig imponerende å se hvor langt klubben har kommet siden den ble etablert for få år siden. I tillegg til et kjempefint og inkluderende miljø, har de et høyt teknisk nivå. Sensei Ronny Råmunddal og styret i klubben har jobbet veldig mye med å realisere drømmen om egen Dojo.

Den er utrolig flott, og velfungerende på alle måter. Jeg må i tillegg berømme alle som stiller opp med kiosk, og supert bidrag for alle aldersgrupper. Genialt med lerret for filmvisning, og informasjon. Dette er noe alle drømmer om å få til i sine klubber, og derfor blir det ekstra hyggelig sosialt. Jeg gleder meg til flere spennende arrangementer med Telemark Karate i fremtiden.

Markus Lia (1. kyu) – ein av klubbens fem lovande ungdommar som nærmer seg gradering til 1. dan:

– Treningssamlinga med Sensei Frank Bruun var veldig bra. Han er veldig engasjera i det han driv med og dette gjer at det han viser/forklarer blir veldig lærerikt. Vi får og god trening på svakheiter vi har i Kata og grunnteknikkane. På sundagen trena vi på forskjellige Kumite-bevegelsar, noko som er artig og lærerikt. Det er alltid bra å få innspel frå andre sensei`ar. Filmkvelden på laurdagen var sosial og det er alltid viktig, vi så en morosam film og åt pizza. Mitt inntrykk er at samlinga generelt var veldig bra!

Sigrid Breiseth (8. kyu) – ei av dei ivrigaste utøvarane i Øyfjell:

– For ein stakkar oransjebelte blei det mykje ny lærdom på kort tid, men det var veldig morosamt og inspirerande!

Vi ynskjer Sensei Frank Bruun velkomen tilbake til ei ny treningssamling snart!

By | 2019-02-17T12:31:53+01:00 februar 16th, 2019|Nyheter|Kommentarer er skrudd av for Treningssamling med Sensei Frank Bruun (5. dan)

About the Author: