Reisebrev frå Rainer

Rainer Müller (1. dan) har nettopp vore i Berlin. Der nytta han høvet til å trene med gamle kompisar. Shotokan drivast over heile verda. Tar du med deg Gi`en på ferie, er mogelegheitene til å trene med andre klubbar store. Her er Rainers reisebrev:

– I forbindelse med ein tur til Berlin fekk eg sjansen til å trene med min fyrste Sensei Rene Schink (til høgre for meg på biletet), Sensei Christian Stein (til venstre for meg) og Alex. Det er ca. 25 år sidan førre trening med Sensei Rene. Sensei Christian kjenner eg og frå mi tid i Shotokan Karatedo Berlin Pankow som klubben heitte den gongen. Alex var med den gjengen frå Berlin som eg møtte i Windsor for to år sidan.

Shotokan Karatedo Berlin

– Shotokan Karatedo Berlin blei grunnlagt tidleg i 1990, kort tid etter murens fall. Før den tid var det offisielt ikkje lov å trene Karate i Aust-Tyskland, dei som likevel gjorde det måtte trene i det skjulte. Tre vener og eg begynna å trene så smått i -89 med ein lokal kjenning i ein leilegheit i Prenzlauer Berg. Instruktøren vår då hadde etter sigande sort belte frå utlandet…

– Sensei Rene og Christian har trena og instruera Karate heilt sidan starten av karateklubben i Pankow og har nå henholdsvis gradane Yondan (4.dan) og Sandan (3.dan). Rene er med i teknisk komité i Tyskland, er JKA-sertifisert instruktør og dommar, og reiser med klubben sin (Shotokan Kyokai Berlin) ein gong i året til JKA sitt hovedkvarter i Tokyo for trening og oppdatering. Deira trening er orientera etter JKA sine retningslinjer og er nokså lik treninga i Skorve Karateklubb / Telemark Karate.

Kihon og kata

– Etter oppvarminga blei det trening på kihon (grunnteknikkar) med fokus på forflyttning i Senkutsu dachi og Kokutsu dachi, og kontraksjon/ekspansjon i stillingskifte. Og så øva me på Tate uke (blokkering) og Choko tsuki i ulike retningar og med ulik kime. Deretter gjekk vi over til kata – vi øva på Heian Nidan, Heian Sandan og Heian Godan i forskjellig hastigheit og med fokus på litt bunkai. Gruppa blei dela opp og mi gruppe trena fyrst på Bassai Dai og deretter ein kata etter eige val som blei Empi i mitt tilfelle.

Berikande

– Eg er glad for alle råd og kommentarar eg fekk under treninga og la merke til ein del forskjellar i kataene – slik som det gjerne er i frå sensei til sensei. Eg ser fram til nye sjansar å trene med Sensei Rene i Berlin og dei andre (eventuelt til sumaren) og kan på det varmaste anbefale gjestetrening i andre klubbar, enten ein er på ferie i Hellas eller til dømes ei vike i Trondheim – det er alltid veldig berikande!

Helsing Rainer


Publisert

i

av

Stikkord: