Reisebrev frå Emilie

Emilie Gjerlid Sollid (4. kyu) er for tida på ein tidleg påskeferie på den vesle øygruppa Kapp Verde på den afrikanske vestkysten. Der har ho sjølvsagt trena karate.

Her er hennar reisebrev:

– Hei. Eg lova Sensei Ronny at eg skulle sette Telemark Karate på verdskartet i ferien min, så eg tok med meg Gi og har trena her i Kapp Verde. Det er ei øygruppe som ligg utanfor kysten av Vest-Afrika. Fem grader nord for ekvator og rett vest ut i havet frå Senegal. Så her har klubben sett beina sine.

– Eg har trena på spark og slag, så gjekk eg nokre kata’er som Heian Nidan, Heian Yondan og Empi. Det gjeng bra å trene tidleg på morgonen eller seint på kvelden. På dagen er det alt for varmt her. Eg har ikkje sett nokon karateklubb eller nokon andre som driv med karate her!

Karatehelsing frå Emilie


Publisert

i

av

Stikkord: