Bjørn Halvor var på NTKF landslagssamling

//Bjørn Halvor var på NTKF landslagssamling

Bjørn Halvor var på NTKF landslagssamling

Kl 05:10 på morgonen laurdag 27. april sette Bjørn Halvor seg på toget i Bø. Målet var ei treningssamling saman med resten av landslaget til NTKF i dojo`en til Spydeberg Karateklubb.

Treninga hadde søkjelys på smidig forflytning i stillingar, korrekt bruk av kraft og samanhengen mellom anklar, kne og hofter. Deltakarane jobba med dette i kataene Heian Shodan og Chinte. I kumite trena dei på ulike partnarøvingar, frisparring og bruk av slagputer.

Bjørn Halvor (1. kyu) er ein av klubbens lovande ungdomar, og nærmar seg 1.dan. Han var veldig fornøgd med samlinga:

– Det var slitsamt, men morosamt! Instruktøren Sensei Martin Boag var veldig flink, og det var moro å bli betre kjend med karateutøvarar frå andre klubbar.

Landslagstrenar Sensei Martin Boag har lang erfaring frå internasjonale konkurransar, og veit kva som skal til for å hevde seg på høgste nivå (les meir om Martin her):

– Bjørn Halvor gjorde ein stor innsats for å koma den lange vegen til landslagstreninga. Han trena hardt og viste mykje god innstilling og fokus. Eg håpar å sjå han att på neste samling!

By | 2019-05-01T10:43:39+00:00 mai 1st, 2019|Nyheter|Kommentarer er skrudd av for Bjørn Halvor var på NTKF landslagssamling

About the Author: