Frank Bruun – vår nye Sensei

Etter ein trist vår, har klubben fått ein ny Sensei. Saman med Sensei Rainer Müller, har nemleg Sensei Frank Bruun sagt seg villig til å vera klubbens sportslege ansvarlege ei stund framover. Han har også hatt fleire samlingar for klubben tidlegare, og me er mange som har blitt glade i treningane hans.

Frank Bruun bur i Tønsberg, og er Sensei for og grunnleggjar av Tønsberg Karateklubb. Han har 5.dan og veldig lang fartstid innan kampkunsten vår, blant anna sit han i teknisk komité i NTKF. Han er også den Sensei som har hatt størst innverknad på Sensei Ronny Råmunddal, som så uendeleg trist gjekk bort tidlegare i vinter.

Kor lenge har du halde på med karate?

– Eg starta å trene karate sumaren 1979.

Korleis oppdaga du sporten?

– Det var fyrst etter at eg fekk ei Kung-Fu/Karatebok av far min. I tillegg til litt instruksjon i ulike stilartar, var det ei slags adressebok med informasjon om internasjonale karateklubbar. I denne boka var det dessutan ein del bilete av Bruce Lee og karatemeistrar i ulike stillingar. Eg hugser at eg blei mektig imponert, det var jo noko heilt nytt, mystisk og veldig spanande.

Kva likar du best med karate?

– Eg likar godt etiketten, disiplinen og respekten i karate. Det er mykje av det same i den japanske kulturen, nemleg perfeksjonismen. Men også at det er ei djupare meining med det me held på med enn berre slag, blokkeringar og spark. Gjennom fleire års trening utviklar ein betre konsentrasjon, minne, sjølvtillit og auka fysisk styrke, smidigheit og balanse. Når eg trener karate, så er min største konkurrent meg sjølv.

Har du ein favoritt-kata? Kvifor likar du den best?

– Eg har ingen bestemt favoritt-kata, men likar veldig godt Heian-kataane. Det er grunnleggjande «mønster» som me blir kjende med når me begynnar med Shotokan karate. Mønstra er enkle å lære seg, men likevel kompliserte når ein søkjer etter praktisk betydning i forhold til sjølvforsvar.

– Som dei fleste andre kataar, kjem Heian (opprinnelig Pinan) også frå Okinawa. Den mest vanlege omsetjinga av meininga er «tranquil mind», men nyare forsking viser at det også kan bety «stay safe» eller «be protected from danger». Det er mykje gamal kunnskap i desse grunnleggjande mønstra, og ein blir derfor aldri utlærd.

Kva synest du om miljøet hos oss?

– Det tok ikkje lang tid før eg merka at det er eit veldig godt og inkluderande miljø i Telemark Karate, og som instruktør kjende eg meg heime der frå fyrste stund. Det er litt vanskeleg å setje ord på det, men treningsgleda er stor i Seljord, og det smittar fort over på alle som er med i klubben. Dessutan er alle stolte av å vise frem ein flott Dojo som de, saman med sensei Råmunddal, har bygd på dugnad.

Du har fleire gonger fortalt om turane du har hatt til Japan. Kva er den største forskjellen på måten japanarane trenar karate i forhold til oss?

– I dag er nok ikkje forskjellen på å trene i Japan eller i Noreg veldig stor.. med unntak av dei som trener på eit av universiteta. I Japan generelt er det lagt meir vekt på uthald og disiplin. Er ein borte frå ei trening så er ein sjuk … veldig sjuk! I den vestlege verda er nok terskelen lågare for å bli heime viss ein ikkje kjenner seg vel eller at noko kjem i vegen.

Kva tenkjer du om at karate har blitt del av dei olympiske leikar og er eiga grein i Tokyo i 2020?

– Eg har litt blanda kjensler når det gjeld karate som olympisk idrett. Fordelane er meir merksemd i TV og media. Som idrett vil me dessutan nå ut til langt fleire, og det er jo veldig bra for rekrutteringa. Eg trur dette vil gjere karate meir populært, men eg er litt redd for at det blir for mykje fokus på konkurranse. Me må hugse at tradisjonell karate er noko meir enn vanleg idrett, det gjeng ut over det å vinne medaljer, og det er ein livsstil ein kan halde på med heile livet. Eg er spent på utviklinga her, men håpar det blir til fordel for oss alle.

Kva for Sensei har hatt størst innverknad på di utvikling som karateutøvar?

– Sensei Kawasoe, heilt klart, han har vore min Sensei i snart 40 år. Sensei har heile tida vore min mentor og eit stort forbilde.

Du har betydd veldig mykje for Sensei Ronny Råmunddal. Kan du fortelle litt om den fyrste tida du trena med han?

– Då Ronny starta i Tønsberg Karateklubb var han allereie veldig godt trena fysisk. Heilt klart veldig motivert frå fyrste trening, og det var som denne idretten var som skapt for han. Han var eit kjempetalent og gjekk fort opp i gradane. Det var ingen mellomting for Ronny, det var liksom 110 % frå fyrste stund.

– Det eg merka meg mest den gongen, var at han var nysgjerrig og hadde mange spørsmål. Dessutan hjalp Ronny fleire av sine treningskameratar med kata før og etter trening. Han var ein ekte karate-ka som levde etter Dojo-Kun!

 


Publisert

i

av