Fantastisk sommarleir og tre nye svartbelte

//Fantastisk sommarleir og tre nye svartbelte

Fantastisk sommarleir og tre nye svartbelte

Årets NTKF sommarleir er over. Klubben fekk tre nye svartbelte (1. dan) og alle deltakarane som drog til Tønsberg blei køyrd hardt gjennom mykje og veldig bra trening.

Sommarleiren er eit årleg arrangement i regi av Tønsberg Karateklubb i samarbeid med Noregs Tradisjonelle Karateforbund NTKF. Deltakarane kjem frå heile Sør-Noreg og talet sensei`ar er imponerende bra.

Tre av ungdommane frå Skorve Karateklubb / Telemark Karate bestod 1. dan – her er deira ord om korleis dei opplevde graderinga:

Bjørn Halvor Bjørge, 1. dan:

– Det er moro og godt å ha oppnådd dette målet som eg har jobba så lenge og mykje for å klare. Graderinga kunne ikkje gått stort betre for meg, eg er veldig fornøgd! Samstundes markerer det svarte beltet ei ny byrjing, eg er på ingen måte ferdig med karate. Eg er veldig takksam for all hjelp og støtte frå alle i klubben, og vil spesielt takke Sensei Rainer Müller og Sensei Frank Bruun som har hjelpt meg mykje dei siste månadane etter at Ronny gjekk bort.

Gunhild Teigland Kleivi, 1. dan:

– Eg føler meg veldig stolt av å ha klart graderinga, spesielt etter Ronnys bortgang. Det har vore ei ære å få trene med Ronny nesten heilt fram til svartbeltegraderinga, og ei ære å bli gradert av Sensei Kawasoe.

Marit Kultan, 1. dan:

– Det følast godt å ha klart det. Men i tillegg er det ein litt uverkeleg følelse.

Sensei Frank Bruun, 5. dan JKA og klubbens sportsleg ansvarlege:

– Det er verkeleg ei stor glede å få lov til å gratulere Telemark Karate med tre nye svartbelte (1. dan). Marit Kultan, Gunhild Teigland Kleivi og Bjørn Halvor Bjørge kom alle gjennom «nålauget» til Sensei Kawasoe på graderinga laurdag. Dei har alle vist høg idrettsleg innsats, stort uthald og ekte Karate-spirit gjennom ei årrekke. Me må hugse at det ligg fleire tusen timar med mykje svette, såre musklar og hard trening bak resultatet. Eg er sikker på at desse unge atletane vil vere til stor inspirasjon for alle medlemmane i klubben som ønskjer å utvikle seg vidare innan Shotokan Karate.  Det viser at med stå-på-vilje er alt mogleg, så lenge ein ikkje gjev opp!

– Trass i den tunge og triste tida etter Sensei Ronnys bortgang, har klubbens styre, instruktørar, elevar og føresette vist Sensei den største respekt ved å halde fram med det som var hans livsverk; Telemark Karate. Det er fyrst og fremst Sensei Ronny Råmunddal som har den største æra for at våre nye svartbelte har kome så langt. Utan han som eit stort forbilde ville ikkje dette vore mogleg. Men eg vil også gje ein stor takk til Sensei Rainer Müller, som er ein kjempedyktig instruktør, inspirator og som hjelper til med instruksjon på alle nivå.

– Eg vil også leggje til at det er ei stor glede å vere hovudtrenar i denne fantastiske klubben, som har så mange dyktige karateutøvarar og eit veldig godt og inkluderande miljø. Eg er sikker på at våre nye svartbelte vil halde fram med å utvikle seg innan sporten, for det er no det VERKELEG byrjar! Det er ikkje så mykje anna å seie enn at eg allereie gler meg til oppstart i august!

Me ønskjer dykk alle ein fantastisk sommar!

Styret i Skorve Karateklubb / Telemark Karate ønskjer med dette alle våre medlemmar, foreldre, styret og andre ein fantastisk flott sommar – me seier som Sensei Frank Bruun: me gler oss veldig til oppstart i august!

By | 2019-07-03T22:29:00+00:00 juli 2nd, 2019|Nyheter|Kommentarer er skrudd av for Fantastisk sommarleir og tre nye svartbelte

About the Author: