Trening i Berlin i sommarferien

Sensei Rainer Müller, som saman med Sensei Frank Bruun er sportsleg ansvarleg i klubben, hadde med seg Gi`en på årets sommarferie. Her er ein rapport frå ein varm treningsdag i Berlin.

– På sommarferie i Berlin klara eg å lure til meg ei trening med Shotokan Kyokai Berlin igjen. Med utetemperaturar på 37 °C, og ca 30 °C i gymsalen i øvste etasje på ein skule i Berlin Mitte, skulle det ikkje mykje til for å få sveitten til å renne.

– Skulen var under oppussing, og igjen tenkte eg på kor heldige me er som har vår eigen dojo pluss tilgang på grendehuset i Øyfjell. Men om lokala var litt provisoriske, så var likevel treninga fyrsteklasses!

– René, min gamle sensei, var desverre sjuk. Treninga blei leia av Sensei Jan og Sensei Christian (begge 4.Dan). Etter oppvarming og tøying blei det Kihon-trening med blant anna fokus på Ashi Barai (feie), raske forflyttingar og kombinasjonar. Nokre av kombinasjonene praktiserte me etterpå parvis. Eg fekk meg litt blåmerke under feieøvingane; fallteknikkane må øvast meire på! Me gjekk og fleire seriar av angrepsteknikkar med partner før me avslutta med Kumite a 5 minutt mot skiftande motstandar.

– Eg synest det var høgt nivå på treninga og utøvarane – veldig moro å få med seg ei krevjande karate-økt på ferietur!

Takk for denne gongen, og på gjensyn!


Publisert

i

av

Stikkord: