Regionscup Vest i Sveio

Laurdag 28. september var tida komen for klubbens fyrste turnering i regi av Norges Kampsportforbund – Regionscup Vest hos Sveio Karateklubb like utanfor Haugesund. Me stilte med sju deltakarar frå 10 til 59 år.

Sensei Gunnar Osmundsen frå Sveio Karateklubb stilte opp for oss heile helga, både med ei innføring i WKF-reglane på fredag kveld, mange gode råd gjennom konkurransen og med ei eiga treningsøkt for Emilie og Bjørn Halvor sundag morgon (resten av gjengen drog heim laurdag kveld).

Emilie Gjerlid Sollid er ein av klubbens lovande ungdommar. Her er nokre ord om korleis ho opplevde konkurransen og møtet med nye karateutøvarar på høgt nivå.

– Denne helga var eg og fleira andre frå Skorve karateklubb på regionscup vest. Det var fantastisk moro, men også litt skummelt for eg hadde aldri vore borti ein slik cup før. Men eg tok det med eit smil (og masse stress), og kom heim med to 3. plassar og ein 4. plass. Dei andre eg gjekk mot var snille og det var eit veldig ope og inkluderande miljø der borte. Det var ingen skam å tape, men eg blei litt sur for at eg ikkje vann den siste kampen min. Alt i alt er eg fornøgd, sidan alle i mi klasse hadde trena meir enn meg og var flinkare enn meg. Alt i alt var det til saman 100 deltakarar, og i gruppa mi var det 5 andre pluss meg.

Skorve Tigers fikk en flott 3. plass i lag-kata

– Me fekk også eit lite lynkurs av Sensei Gunnar Osmundsen på fredagen om korleis alt det nye skulle gjerast, og det gjekk supert. Dei fleste som deltok frå Skorve kom heim med ein medalje og det er me alle stolte over! Me fekk ikkje øve på alt me skulle gjera og det var ein del nytt, så det var å ta dette på sparket. Me fekk det til og det er eg stolt over! Resten av klubben drog heim på laurdag etter konkurransen, medan Bjørn Halvor og eg blei igjen og trente med nokre frå Sveio karateklubb på sundag formiddag. Dei var dyktige og veldig koselege, og det blei ei god trening for alle. Eg er veldig stolt av alle frå klubben og klar for neste konkurranse 2. november (regionscup Øst)!

Helsing Emilie

Sterk gjeng fra Skorve karateklubb

Dei som stilte frå klubben vår var Sofie Groven, Emilie Gjerlid Sollid, Anne Hagen-Nilsen, Vegard Brekke, Bjørn Halvor Bjørge, Arild Fossland og Harald Rishovd. Heidi Gjerlid Sollid og Irina Groven var lagleiarar/coachar og gjorde ein super jobb for alle! Sofie vann Kata for jenter 10 år, Emilie fekk 3. plass i Kata og lag-kata og 4. plass i Kumite jenter 12-13 år, Anne fekk 3. plass i lag-kata og 5. plass i Kata jenter 14-15 år, Vegard fekk 2. plass i Kata gutar 14-15 år og 4. plass i lag-kata, Bjørn Halvor fekk 4. plass i Kumite gutar 16 år+ og 3. plass i lag-kata, Arild fekk 3. plass i lag-kata og Harald fekk 2. plass i Kata Menn 40+ og 4. plass i lag-kata.

Sofie vant Kata Piker 10 år

Fra treningen med Sveio Karateklubb søndag 29. september

 


Publisert

i

av