Sommarleiren 2022

//Sommarleiren 2022

Sommarleiren 2022

Tekst: Åshild Emma Solbjør
Foto: Skorve Karateklubb ved Heidi, Åshild med flere

Grytidleg om morgonen den siste fredagen i juni rulla me avstad frå både Vest-Telemark og Drangedal – 7 forventingsfulle vaksne, 16 spente ungar – og ein heil del innvendige sommarfuglar.

Målet var å koma fram til Eikhallen i Tønsberg før klokka 10. Det greidde alle saman, sjølv om det var på hengande håret for den eine bilen som køyrde siste stubben med punktert dekk..!

Stadig fleire kvite gi-ar samla seg utanfor inngangen til hallen. Skorve-deltakarane svelga dei siste nistebitane ute i skuggen under lauvtrea, og gjekk mot inngangen for å registrere seg. På veg inn døra vart me helsa av ein kjenning frå gode gjesteøkter i klubben.

– Så hyggeleg å sjå dykk her! sa sensei Kim med sitt strålande smil.  – Dette har vore sommarane mine i mange, mange år. Her inne har eg sveitta MYKJE!

Klare for trening

Etter å ha fått utdelt inngangsbillettar, plasserte me vesker og baggar med styreleiar/turleiar Heidi, og så var det klart for trening. To tettpakka liner med deltakarar stilte seg opp tvers over den store hallen. Dei fire intruktørane vart presenterte: sensei Kawasoe, sensei Lim, sensei Taylor og – for fyrste gong i Noreg – sensei Romano frå Italia. I løpet av leiren fekk me trene med alle intruktørane, organisert som ei kjempestor stasjonsundervisning.

Fulle av futt

Brunbelta starta med sensei Romano. Me var opplagte og fulle av futt denne fyrste økta, men det var ikkje heilt lett å få med seg detaljane når forklaringa gjekk føre seg på ei blanding av engelsk, italiensk og kroppsspråk. Likevel fekk me øva inn tre gode forsvarsmønster til bruk i kumite.

Dynamikk i rørslene

Fargebelta hadde sensei Lim fyrst. Han var veldig oppteken av dynamikken i rørslene, noko han fekk fram med eit langt knurr i det han gjekk framover og eit «bam!» då han avslutta teknikken. I andre økt fekk fargebelta overta sensei Romano frå brunbelta. Dei yngre vart bittelitt bekymra over at han nytta Stian som punchbag. Romano hadde elles lydeffekten «bam-bam!», som han nytta til å få fram den raske, flytande rekkefølga i forsvar og kontring.


Linnea og Thea viser teknikker

Møre lårmusklar

Etter to halvannatimes økter fyrste dagen, var lårmusklane møre og alle temmeleg klare for eit bad. Då var det heilt supert at turleiaren hadde booka oss inn på Furustrand camping, og i tillegg hadde ordna strålande sommarvér heile helga. Me hadde hytter nær stranda, og dei sveitte ungane stupa ut i sjøen med ein einaste gong. Eller, dei stupa kanskje ikkje, i alle fall ikkje jentene. Dei gjekk uti, eitt panisk skritt om gongen, med badesandalar på, og hylte kvar gong dei kom borti noko som kunne vere ei krabbe eller noko anna skummelt. Etter kvart oppdaga heldigvis alle at at vatnet var friskt og deilig, og at botnen stort sett bestod av puddersand, og frå då var det konstant vått badetøy heile resten av helga.

Ungdommen tek ansvar

I kveldinga drog Heidi fram felles grillmat og salat. Ungdommen tok ansvar – Emilie og Anne stod for all grillinga, medan Sølve baud på underhaldning med ein rubiks kube-dugleik som var magisk. Me måtte elles gje Kim rett i det med svettinga! Innimellom mat, bading, kubeknekking og skravling var det fleire som nytta campingens vaskemaskiner, slik at dei gjennomsvette gi-ane skulle vere freshe til laurdagens økter.


Emilie og Anne stod for grillingen

Okidoki

Laurdagen starta fargebelta med sensei Taylor. Det vart ei temmeleg lattermild stemning, sidan dei ikkje fekk svare «osu», men måtte i staden seie «okidoki». Me trena og svetta alle saman gjennom to halvannantimes økter, og merka korleis kontakten med golvet og hara vart betre, medan musklane vart stadig meir slitne.

Volleyballturnering

På kvelden grilla me saman med Sveio karateklubb, og igjen var Emilie og Anne grillansvarlege. Etterpå rusla me rundt bukta til den store stranda og sandvolleyballbanene for å ta ein vennskapeleg volleyballkamp mellom klubbane. Trass iherdig innsats, vann Sveio to sett og vart dermed matchvinnarar, men moro var det uansett! Me avslutta med eit sett der alle ungane og ungdommane spela mot alle dei vaksne – og der var dei yngste best!

Legenden Kawasoe Sensei

Sundagen hadde me to kortare økter med ei særs kort pause mellom, slik at dei utanlandske intruktørane skulle ha god tid til flyplasskaoset. Me starta fyrste økt med at alle fire grupper stilte opp i ein firkant, der kvar side bestod av fire rekker. I midten underviste sensei Kawasoe. Han fokuserte nesten utelukkande på hoftebruken – det å få teknikkane til å koma frå kroppen, ikkje frå armen eller beinet. Dei som ikkje hadde dette på plass frå før, fekk verkeleg ein solid dytt i rett retning denne økta. Fargebelta og brunbelta fekk behalde sensei Kawasoe litt lengre også, med støtte frå sensei Taylor.

Så var det plutseleg over, og Skorve-bilane rulla nord-vestover att. Deltakarane var slitne i kroppen, men proppfulle av gode sommarminne. Dessutan tok dei aller fleste med seg heim fleire aha-opplevingar når det gjeld kva karate eigentleg skal vere.

Me gler oss allereie til neste år!


Thea, Linnea, Kristin, Tilde og Oda

 


Mubarek, Jonas, Tov og Sølve fyller opp energilagrene


Konsentrasjon


Volleyball er alltid gøy!


Uten mat & drikke …


Stian grilla kveldspylse til badeløvene – desse blei inntatt seint laurdag kveld.


Nyvaskede Gi-er i solnedgang – ny norsk klassiker


Legenden Kawasoe sensei

 

By | 2022-07-02T17:55:25+02:00 juli 2nd, 2022|Nyheter|Kommentarer er skrudd av for Sommarleiren 2022

About the Author: