Shotokan

/Shotokan
Shotokan 2018-11-18T22:11:51+00:00

Shotokan Karate

Me har hovudfokus på kampkunsten Shotokan Karate – verdas meist utbreidde form for karate og ein av stilartane i Norges Tradisjonelle Karateforbund (NTKF). Shotokan Karate handlar om respekt, høflegheit og disiplin. Treningane er allsidige: me utviklar styrke, rørsle, smidigheit, balanse, koordinasjon, pusteteknikkar og evna til å lære komplekse bevegelsar, noko som gjer godt anten ein er 6 år eller 75 år!

Velkomen til oss – kontakt Sensei Ronny Råmunddal om du ynskjer ein prøvetime.