På treningssamling med NTKF

Laurdag 14. september arrangerte NTKF – Norges Tradisjonelle Karateforbund – treningsleir i Tønsberg. Irina, Bjørn Halvor og Rainer stilte frå klubben vår, og dei var godt nøgde med samlinga. Samlinga var open for brune og svarte belte, og vart leia av Sensei Martin Boag (5. dan) frå Oslo Budokan Karate og Sensei Stig Rønning (5. dan) frå Strinda Karateklubb i Trondheim.

Sensei Rainer Müller, 1. dan:

– Irina, Bjørn Halvor og eg valte bort Dyrsku’n denne laurdagen for å vere med på landslagssamlinga i Tønsberg – noko me ikkje angra på! Det var ca 20 utøvarar som møtte opp og fekk undervisning i Kata og Kumite. Etter oppvarminga var det Sensei Martin Boag (5.dan) som øva presise stillingar og forflytting med oss, med ekstra fokus på stabilitet og kraft frå golvet. Etterpå gjekk me Kata Nijushiho – ein fin kata som me ikkje hadde vore borti mykje tidlegare. Etter pausen gjekk me over til kumitetrening med Sensei Stig Rønning (5.dan). Me øva dynamiske kombinasjonar åleine og med partnar. Etterpå vart det sirkeltrening med angrep/forsvar og lett Jiyu Kumite utan blokkeringar. Tusen takk for veldig spanande og krevjande trening!

Bjørn Halvor Bjørge. 1. dan:

– Det er moro å møte utøvarar frå dei andre klubbane, og få nokre innspel frå andre trenarar som ser ting med litt anna fokus. Ein får trena litt annleis enn det vanlege, men også øve på det gamle og kjende slik at me kan gjere det meir og meir perfekt.

Irina Groven, 3. kyu:

– Det var flott å kunne delta i landslagssamlinga i Tønsberg. Det er berre brune og svarte belter som kan delta og dette var ei positiv kjensle av personleg oppnåing. For meg det er alltid høgtideleg med kjensla av eit fellesskap og tilhøyrsle til noko større og meiningsfullt. Samlinga i seg sjølv var veldig lærerik, som vanleg kanskje. Alle sensei`ar har sine eigne forklaringsmetodar av dei same grunnleggjande teknikkar og Bunkai som me trener på. Me gjekk også Kata Nijushiho som var heilt ny for meg og derfor spanande. Også var det litt overraskande og kom som eit lite sjokk for meg at dei i andre klubber faktisk ‘’treff’’ i Kumite. Heldigvis var det gjort på ein ganske kontrollert måte, så alle utøvarar overlevde treningsøkta denne gongen (smilefjes).


Publisert

i

av

Stikkord: