Største klubb i Shotocup

Haustens Shotocup blei ei flott oppleving for Skorve Karateklubb – vi stakk av med to individuelle gull, og fire av dei fem laga i lag-kata henta heim både pokalar og medaljar. I tillegg blei vi største deltakarklubb!

Shotocup er på mange måtar ein uoffisiell Noregscup for Noregs Tradisjonelle Karateforbund, NTKF. Denne gongen var Re Karateklubb arrangør, og staden var den flotte, nye Revetalhallen i Revetal like utanfor Tønsberg.

Mange nye

Fleire av deltakarane frå Skorve var med for fyrste gong. Dette gav premiar i fleng, både i individuell Kata og Kata for lag. Nina Norwall-Nielsen, Hanna Underdal, Villemo Haugen, Kristin Gjerjordet og Tilde O. Hansen var med for fyrste gong, og jentene imponerte dei erfarne dommarane.


Tilde, Villemo, Kristin, Nina og Hanna

Seier til Stian

Stian Norwall-Nielsen har trent godt det siste året, og no var tida komen for den fyrste konkurransen utanom klubbmeisterskapen. Han vil gjerne ha med fleire vaksne neste gong.

– Det var moro å sjå korleis ein karatekonkurranse gjeng føre seg, og veldig gøy å vere så mange frå klubben. Og sjølvsagt var det stort å vinne klassa mi fyrste gong eg er med! Topp arrangement for store og små, anbefalast!

Solid kumite frå Bjørn Halvor

På grunn av for få påmelde, blei kumite-klassene til Gunhild Teigland-Kleivi og Emilie Gjerlid Sollid avlyst. Dette gjorde at Bjørn Halvor Bjørge var einaste kumiteutøvar frå klubben. Han løyste imidlertid oppgåva med glans – det blei ein fyrsteplass i Menn Junior.

Sterke kata-lag

Ungdomane stilte også med sterke kata-lag. Villemo, Thea Gjerlid Sollid og Maria Solbjør Seltveit leverte ein solid kata. Emilie, Eirin Hyttedalen og Anne Hagen-Nilsen gjekk to solide omgangar, det same gjorde Bjørn Halvor, Markus Lia-Moen og Vegard Brekke. I klassa for «tyngre junior» utmerka Stian, Håvard Gjerjordet og Harald Rishovd seg med store mengder energi og kraft – men til inga nytte, dei blei slått av dei tre andre seniorlaga (som alle var brun- og svartbelte).

Er det fleire som vil bli med neste gong?


Publisert

i

av